Torsdag kjem Rune Fossum Lillesvangstu til Stryn bibliotek og vil fortelje frå den nye boka si «50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane».

I boka har han tatt føre seg nokre av dei beste utøvarane frå fylket, både dei gløymde heltane frå gamle dagar og verdsstjerner frå vår eiga tid. Rune Fossum Lillevangstu har vore journalist både i Firda og NRK Sogn og Fjordane, og jobbar no på Nynorsk mediesenter. Han vil på biblioteket fortelje dei gode historiene som ikkje mange har høyrt før, og med ei ekstra vekt på dei lokale idrettsheltane frå vårt eige område.

– Dette trur vi mange vil ha glede av, seier biblioteksjef Kristin Hatledal.