Ordførar Sven Flo vil vere på Stryn bibliotek ein gong i månaden fram til sommaren. Ordføraren vil då vere tilgjengeleg for dei som ønskjer å snakke med han, anten det er ris eller ros.

– Er det noko som er viktig for deg så er oppmodinga å komme og prate med ordføraren om det, seier biblioteksjef Kristin Hatledal. Førstkomande torsdag er første gong ordføraren er på plass i sofaen i år.