Saman med kollega Jo Flo har Stig Muri om lag 400 revetisper på Flo av typen sølvrev og blårev. Muri fortel om optimisme i næringa som fekk ein brå slutt då Solberg-regjeringa la fram den nye regjeringsplattforma søndag.

– Avvikling av pelsdyrnæringa er eit angrep på all føreseielegheit i norsk landbruk- og næringspolitikk, seier Muri hovudristande. Han rettar kritikken mot Høgre og Frp.

kjenner seg svikta Saman med kollega Jo Flo har Stig Muri om lag 400 revetisper på Flo der han har drive med pelsdyr i 14–15 år. Her viser han fram ein sølvrev. Foto: Roger Oldeide

– Det er nesten utruleg at Høgre og Frp er med på dette berre eitt år etter at Stortinget vedtok ny strategi om berekraftig utvikling med lyse framtidsutsikter for oss. Difor kom dette som eit sjokk for oss som har investert i denne næringa, fortel Muri som kjenner seg svikta av politikarane.

– Dei har sjølv sagt at dei er opptatt av føreseielege rammevilkår for næringa, så blir dette resultatet, sukkar Muri.

– Ein politisk hestehandel

Muri omtalar det heile som ein politisk hestehandel.

– No forsvinn næringsgrunnlaget vårt på grunn av at Venstre skal i regjering. Kva vart vi ofra for? Var det ein statsrådspost, innvandringspolitikken eller dieselavgifta? spør han.

– Kor dramatisk er dette for deg og garden her på Flo?

– Eg har jobb ved sidan av, så det er folk som blir verre råka enn oss, men vi omsetjer for ein til to millionar i året og har investert mykje her. Eg får neppe halde gardsdrifta oppe no, seier Muri.

– Kva vil skje med dyra?

– Vi har verdas beste sølvrev i Norge, så eksport er jo eit alternativ. Vi får sjå, seier Muri.

– Riktig med avvikling

Sentralstyremedlem i Venstre, Sveinung Rotevatn, seier bransjen har misbrukt sjansen til å få skikk på næringa.

– Riktig med avvikling Sentralstyremedlem og statssekretær Sveinung Rotevatn seier Venstre sin klare konklusjon er at næringa ikkje er haldbar. – Rev og mink er dessutan ville dyr som ikkje skal vere i bur, seier Rotevatn. Foto: Arkiv Gunnhild Sindre

Han poengterer at rev og mink dessutan er ville dyr.

– Pelsdyr i fangenskap viser klare teikn på stress og åtferdsproblem. I eit bur har dei ingen moglegheit til å få utløp for sine naturlege instinkt og behov, seier Rotevatn til Fjordingen.

Endeleg dato for avvikling blir sett når saka skal opp til handsaming til våren.