Stryn kommune har jobba målretta med fiberutbygging i meir enn ti år. Målsetjinga er 100 prosent dekning, og dei nærmar seg oppløpssida.

- Før eg blir pensjonist

Økonomi- og IT-sjef i Stryn kommune, Johnny Hove, sit med eit utkast til kommunedelplan for den digitale infrastrukturen i kommunen som skal gjelde i perioden 2018-2023. Den er tufta på eit politisk vedtak gjort hausten 2013 som slår fast viktigheita av breiband i heile kommunen.

– Breiband skal vurderast på linje med annan naudsynt infrastruktur, og må oppgraderast og utbyggast vidare i takt med tid og behov. Alle innbyggjarar og verksemder skal ha tilbod om minimum 25Mb/s for nedlasting innan 2023, heiter det i Kommuneplanen sin samfunnsdel.

– Eg har sagt at eg har ein draum om å klare det før eg blir pensjonist, så vi får sjå, humrar Hove.

Nordsida og Markane er neste ut

Og kommunen er på god veg. Sidan 2004 har det blitt jobba jamt og trutt med fiberutbygging. Dei har nettopp sluttført utbygging i Loen og Lodalen, og frå før har strynedalen, Oppstryn, Veslebygda, Flo, Oldedalen, Faleide, Bergsida og dei fleste sentrumsbuarane fått tilgang på fiberteknologien.

I månadsskifte januar-februar går ein laus på fiberutbygging for Markane og Nordsida, og når dette prosjektet er sluttført til hausten skal det i teorien berre vere knappe 500 abonnentar som ikkje har tilbod om fiber.

– Det gjeld for strekninga Strand i Oldedalen og til Tistam, så der håpar vi å få midlar ganske snart, seier IT-sjefen. På den strekninga er det ca 370 abonnentar. I tillegg er det ca 100 abonnentar i Stryn sentrum som ikkje har fiber.