Han reagerer sterkt på at Samferdsledepartementet frå 2020 føreslår at det berre skal vera postombering annankvar dag.

Bakgrunnen for forslaget er at det blir stadig mindre brevpost. Dermed blir det dyrare å halda oppe dagleg postlevering. Ved å levera post annakvar dag, reknar Posten med å spara 500 millionar kroner frå 2020 og 650 millionar kroner frå 2025.

– Dårlegare for distrikta

Hetland seier han har forståing for at Posten må spara, men han meiner forslaget kjem for tidleg. Han fryktar innsparingane no kjem til å gå sterkt ut over lokalavisene og føra til at folk i distriktet får eit mykje dårlegare tilbod.

– Ein stor del av abonnentane til lokalavisene er utflyttarar og folk som bur så grisgrendt til at bodselskapa til avisene ikkje dekkjer områda folk bur i. Dersom utdelinga av post blir redusert til annakvar dag, vil dei ikkje få eit akseptabelt tilbod frå Posten. Det er svært alvorleg for avisene, slår Hetland fast.

– Papiravisa sikrar kvalitet

Trass i at mange lokalaviser har vore positive til å satsa digitalt, peikar Hetland på at det er vanskeleg å få nok digitale annonseinntekter til å laga god journalistikk.

– Lokalavisene er difor heilt avhengige av papiravisa for å finansiera god journalistikk, seier han.

Slik trur han det vil vera i fleire år framover.

– Mange håpar å finna oppskrifta på korleis ein skal få nok digitale annonseinntekter, men per i dag er det Google og Facebook som stikk av med den digitale veksten på annonsering. Og dei løner ikkje ein einaste journalist, seier Hetland.

Han synest det nye forslaget frå departementet samsvarar dårleg med dei politiske signala om kor viktig det er med mangfald i media.

– Då må ikkje eit departementet arbeida for mediemangfald og eitt anna spenna bein under det same, seier han.

Fryktar for helgeavisene

Hetland ser også alvorleg på at Samferdsledepartementet føreslår å avvikla støtta til laurdagsombering.

– Papiravisene inn mot helga er dei avisene som blir vurdert som dei viktigaste. Slik vil det vera i fleire år framover, meiner Hetland.

Han meiner sentrale politikarane difor bør ta ein tenkjepause og få til ein dialog med bransjen for å finna eit meir eigna tidspunkt til å gjera noko med ordninga.

Set si lit til Stortinget

Når det gjeld forslaget om postombering annankvar dag, set generalsekretæren i LLA si lit til at politikarane på Stortinget vil stoppa forslaget. Han peikar på at Samferdselsdepartementet også i 2016 føreslo å opna for at Posten skulle koma ut sjeldnare enn fem dagar i veka, men at Stortinget då sette foten ned.

– Me stolar på at Stortinget ser kor viktig det er med infrastruktur og at Posten er viktig både for avisene og Distrikts-Noreg, seier Hetland.

– Infrastrukturen skal byggja samfunnet. Då kan ein ikkje berre sjå snevert på bedriftsøkonomiske resultat.

(©NPK)

Bildetekst tc7e7ca2: