– Vi har mange faste arrangement, og innhaldet i alle er ikkje klart enno. Men vi har mykje på plass også, seier biblioteksjef Kristin Hatledal.

Eitt arrangement som heilt sikkert kjem til å vekkje interesse er Rune Vanberg og Kristian Solvang sitt føredrag om stadnamn. Dette har tidlegare vore halde i Gamle Innvik Ullvarefabrikk og trekte fullt hus der.

Ordførar og språkkafé

Ordførar Sven Flo er tilbake i sofaen på biblioteket for å snakke med folk flest. Dette skjer ein torsdag i månaden.

– Det er eit godt høve til å få seg ein prat med ordføraren vår om det som måtte oppta ein, seier biblioteksjefen.

Språkkaféen går også fast annankvar torsdag fram til mai. Her kan folk med utanlandsk opprinnelse få trening i å snakke norsk, samstundes som dei som har norsk som morsmål kan få høvet til å bli kjend med nye menneske og nye kulturar.

Kringle, kaffi og spennande føredrag

«Torsdagskringla» er som ordet seier nettopp det. Kringle på menyen. Første torsdag i kvar månad blir det arrangement på biblioteket, der ein avsluttar med kringle og kaffi.

På den første «Torsdagskringla» skal Jon Tvinnereim og Inge Fænn presentere bygdebokprosjektet for Stryn.

– Vi håpar folk kjem for å høyre om korleis ein tenkjer seg arbeidet med bygdeboka. Viser at det er interesse for prosjektet, kjem med innspel og meiningar, seier Kristin Hatledal.

Fram i lyset: Lektor og forfattar Ove Eide trekkjer lokale forfattarar fram i lyset.

Lokale forfattarar fram i lyset

Når lektor, forfattar og litteraturkritikar Ove Eide kjem til «Torsdagskringla» er det med smakebitar frå prosjektet «Fram i lyset».

– Biblioteka i Nordfjord har fått støtte frå Fritt Ord til å ha ein turné med Ove Eide der han presenterer lokale forfattarar og verk. Det kjem til å delta eit par lokale opplesarar også, fortel Kristin Hatledal.

Historier frå asylmottaket

Ein annan gjest på «Torsdagskringla» vert forfattar og journalist Katrine Sele, som presenterer boka «Jølster hotell». Dette er eit møte med bebuarane på asylmottaket i Jølster.

– Her møter ein mange sterke historier, seier biblioteksjef Krsitin Hatledal.

Film, popcorn og aktivitetar

Biblioteket held også fram med Familielaurdagar.

– Dette var eit veldig populært tiltak i fjor. Dette skal vere ein plass å møtast for å ha det kjekt i lag. Vi steller i stand små aktivitetar, fortel Kristin Hatledal.

I fjor vart det til dømes laga halloweenmasker, det var juleverkstad og det var film- og popcornstunder.

Lesestunder: Det blir faste lesestunder på biblioteket, opne for alle. Her er Marthe Holien Bø (t.v.) og Linda Gytri frå ei tidlegare lesestund.

Faste lesestunder

Det blir også faste lesestunder på biblioteket i vår.

Dette er ope for alle, og har også vore eit veldig populært tiltak.

– Store grupper, som skular og barnehagar, må melde seg på. Andre kan berre møte opp, seier Kristin Hatledal.