Norsk Bobilforeining avdeling Vest reagerer på prisnivået som blir innført ved parkeringa ved Strynehallen frå 1. april.

– Vi har vore i kontakt med kommunen om dette, men det verkar som kommunen helst ser at vi held oss borte, seier Knut Riple, leiar av Norsk Bobilforeining med 12.500 medlem på landsbasis og 2.100 medlem i region vest Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Det er mange campingplassar i Stryn. Er det ikkje aktuelt å nytte desse?

Reagerer – Prisen tydar på at Stryn kommune ikkje vil ha oss der, seier Knut Riple som er leiar for Norsk Bobilforeining avd. Vest med 12.500 medlem. Foto: Privat

– Det blir eit heilt anna konsept. Her er det snakk om å parkere for eitt døgn i Stryn sentrum og til dømes gå ut for å ete, seier Riple.

Han legg til at 500 kroner i døgnet er det ein betalar på dei dyraste og beste campingplassane i landet med alle fasilitetar inkludert.

– Vi ønskjer oss berre ein enkel plass med tilgang til ferskvatn og høve til å tømme WC og spillvatn til ein fornuftig pris, seier han.

Meiner Stryn blir dyrast i landet

Riple poengterer at ein bubilturist dessutan legg att meir pengar på ein destinasjon enn ein cruiseturist.

– Cruiseturistane har alt dei treng om bord, seier han.

Norsk Bobilforening har samanlikna prisar rundt om i landet.

– Desidert dyrast ut blir Stryn. Til dømes kostar bubilparkering i Bergen 150 kroner pr. døgn og i Trondheim er det 250 kroner. Ein av dei dyraste i dag er Lillesand med 275 kroner pr. døgn. Sistnemnde starta på 300 kroner i døgnet men då vart dei boikotta, fortel Riple. Han tolkar prissettinga i Stryn mest som ein bodskap om at dei ikkje er velkomne der.

– Og det er veldig uheldig for både oss og for Stryn, seier Riple.

– Ingen campingplass Kommunalsjef Hilde Lødøen presiserer at dette er ein viktig parkeringsplass. – Vi vil heller ikkje vere ein konkurrent til campingplassane i Stryn, seier Lødøen. Foto: Roger Oldeide

– Vil ikkje vere ein konkurrent til campingplassane

Kommunalsjef Hilde Lødøen forsvarar prisen med at plassen ved Strynehallen er ein parkeringsplass og ikkje ein campingplass.

– Strynehallen, den vidaregåande skulen og Tonning skule nyttar plassen til parkering. I tillegg er dette eit busstopp for skulebussane. Stryn kommune ønskjer heller ikkje å vere ein konkurrent til campingplassane i Stryn, forklarar Lødøen.