Pelsdyrnæringa vart offer på det politiske alteret då Venstre fekk plass i regjeringa. Pelsdyrmotstandarar jublar medan næringa fortvilar.

Pelsdyrnæringa har dei siste åra hatt mange kritiske auge retta mot seg, etter fleire avsløringar om dyr som lir. Fokuset har bidrege til å fjerne useriøse aktørar, men har og skapt eit inntrykk blant mange om at næringa driv meir eller mindre legal dyremishandling. Alle dei som set dyrevelferd høgt og steller skikkeleg med dyra, er knapt blitt høyrde i denne klagesangen.

Ein kan meine at pelsdyroppdrett i seg sjølv er ein uting, fordi dyra veks opp i bur og ikkje har anna funksjon enn å skulle bli til nettopp pels. Den andre sida av dette, er at pelsdyroppdrett har lange tradisjonar både i Norge og andre land. I dag finst det oppunder 200 pelsdyroppdrett i Norge. Nokre av desse har oppdrett som hovudinntekt på garden. Mange har gjort store investeringar med tanke på ein bærekraftig og sunn drift i åra framover.

For godt og vel eitt år sidan vedtok Stortinget at pelsdyrnæringa skulle halde fram i Norge, men med klare krav til dyrevelferd. Dette var ein fornuftig konklusjon. Difor var det oppsiktsvekkjande at pelsdyrmotstandar Venstre fekk lov av Høgre og Frp å spele ut trumfkortet sitt i forhandlingane om regjeringsmakt, og vinne. Ei samla pelsdyrnæring er ofra for at eit lite parti skulle kome i regjering. Eller meir presist: For at Høgre og Frp skulle få ein ny regjeringskamerat. Ansvaret for at pelsdyrnæringa ser ut til å vere historie om få år, ligg på Høgre og Framstegspartiet som let Venstre vinne spelet sitt.

Det store spørsmålet er om avvikling av pelsdyroppdrett i Norge betyr noko for dyrevelferden totalt sett. Så lenge det finst ein marknad for pels og Norge ikkje har innført importforbod, er resultatet at oppdrett vil skje i andre land, utan at norske styresmakter kan kontrollere dyrevelferden. Venstre har med andre ord fått H og Frp med seg på å avvikle ei næring det har vore mykje støy rundt, men har med det mindre garanti for at pelsdyroppdrett vil skje under ordna forhold. Tilbake sit norske oppdrettarar og fortvilar. Dei er ofra i eit politisk spel.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør