Det var ein maktdemonstrasjon av dei sjeldne då Johannes Thingnes Bø tok sin andre verdscupsiger for helga i laurdagens jaktstart.

Han gjekk ut knapt 13 sekund føre erkerival Martin Fourcade, og det var ei viss forventning om ein jamn og spennande duell mellom årets to skiskyttargigantar. Men det sytte Thingnes Bø effektivt for at det ikkje vart noko av.

Med ny superfart i sporet og feilfri skyting kosta han i frå både franskmannen og dei andre konkurrentane. Med ein bom på første skyting for Fourcade rasa sekundane på for kvar runde i Anterselva, og vart til slutt slegen med så mykje som eitt minutt av stryningen.

- Eit heilt optimalt løp, kunne NRK-kommentatorane slå fast då den 20. blinken også vart kvit.

- Det flyte bra no. Eg er superfornøgd. Litt av ein prestasjon, måtte Bø sjølv innrømme for NRK sine sjåarar.

- Alt er perfekt.