Barnas Turlag inviterer til utebursdag på Kom deg ut –dagen .

Søndag er det akkurat 150 år sidan Turistforeningen vart stifta. Dette markerer Barnas Turlag i Stryn med skikkeleg «jebusfeiring».

Det blir gått frå Stryn Skisenter og til Hydla 3, som er på vegen til Spjelkebu. Her er det lagt opp til skikkeleg feiring med natursti, skileik, aktiviteter og bålkos.

Kom deg ut-dagen vert kalla Norges største søndagstur. Arrangementet gjekk for første gang av stabelen i september 2006. Målet med dagen er å gje ein smakebit av alt det spennande ein kan oppleve i naturen, skriv Barnas Turlag i ei pressemelding.

På Kom deg ut-dagen får ein moglegheit til å møte andre barnefamiliar, leike, lære og teste ut aktivitetar som skigåing og natursti.

Når den største friluftslivsorganisasjonen i Norge har 150-årsdag, er alle inviterte med på feiringa. Rundt 150 utebursdagar rundti landet går av stabelen søndag, med eit anslag på 40.000 små og store bursdagsgjester.

DNT ønskjer at så mange som råd, og stadig fleire, skal oppleve gleda ved å være ute og oppleve en fin og sosial dag i naturen. Difor gjer laget arrangementa lett tilgjengelege for å nå flest mogeleg.