Stella Birthe Poland (15), frå Stryn og Hornindal -og Holland, imponerte både publikum og dommarar då ho deltok i innleiande runde i Norske Talenter. Opptaket som vart gjort i oktober i fjor vart sendt fredag kveld på TV2.

- Det var kjempegøy, ei oppleving for livet. Det var artig å få oppleve korleis ein lagar TV, seier Poland til Fjordingen.

Harpespelet frå den talentfulle jenta framkalla faktisk tårer hos jurymedlem Bjarne Brøndbo.

- Du spelar med heile deg. Du leverer ikkje berre musikk, men vakker musikk. Så tusen takk, sa Brøndbo, medan han tørka vekk tårer frå augekroken.

- Du er ein knopp som er på veg til å blomstre fullt ut. Du er eit stort talent, slo meddommar Janne Formoe fast.

Også dei andre to dommarane var fulle av lovord og saman gav dei Poland eit rungande ja for vidare deltaking i konkurransen.

- Neste runde heiter Dommerutvelgelsen, og så får vi sjå om eg kjem meg til semi-finale og livsendingar, seier ein løyndomsfull Poland, som innrømmer at det er vanskeleg å skulle halde hemmeleg korleis det har gått.

- Det er veldig vanskeleg å ikkje kunne seie noko til dei rundt meg, for ein har så lyst å fortelje om alt ein har opplevd. Eg strøymde nesten over av iver etter å fortelje det vidare, men eg meiner eg har halde meg ganske bra, smiler ho.

Fredag kveld vanka det også mange kjekke helsingar og meldingar etter innsatsen på TV.

- Det var skikkeleg gøy, men samstundes uvant, for det brukar berre vere nokre få som sender meg noko -men kjempestas!