Tre lokale kor fekk selskap frå Måløy då dei i samarbeid med Norges korforbund i fylket arrangerte nyttårskonsert søndag.

Saman med kaffimat fekk dei frammøtte servert til saman seksten songar fordelt på fire kor og to gjestesongarar. Konserten var lagt til kantina ved Stryn vidaregåande skule, og det var Stryn Blandakor som var teknisk arrangør. Dei hadde fått med seg Olden Blandakor og Olden Singers, i tillegg hadde Måløy Songlag teke turen frå kysten og varta opp med flott song. Ungjentene Klara Bergem Bø og Malin Guddal Sunde deltok også med to songar.

Nyttårskonserten er eit konsept som har blitt arrangert av Norges Korforbund Sogn og Fjordane dei siste fire åra. Kvart år blir inntektene tilgodesett eit godt føremål. Denne gongen er det barneavdelinga ved Førde Sentralsjukehus som skal få overskotet frå dette og tre liknande arrangement i fylket.

Songstunda søndag vart avslutta med to fellesnummer der tre av dei fire kora deltok. An Irish Blessing vart ei flott og kraftfull avrunding på den timelange konserten.

Oldedalen blandakor: Flott pynta varta Oldedalen Blandakor opp med tre songar på konserten. Foto: Roy Aron Myklebust
Klara Bergem Bø og Malin Guddal Sunde song to songar på konserten søndag. Foto: Roy Aron Myklebust