– Dette er eit bra tiltak. Dei er utruleg flinke desse to karane som leier treninga. Dei får oss sofagrisane ut og så får vi vere saman med ungane samstundes. Kjem ikkje dei seg ut så kjem gjerne ikkje vi oss ut, og omvendt, seier debutant Arve Aabrekk, medan han og dottera Marie (13) tørkar sveitten og tek seg ein slurk frå vassflaska.

Basistreninga i Strynehallen starta opp litt før jul og det er Jarle Lødemel og Jon-Terje Tjellaug som er initiativtakarane og som leier den halvannan time lange treningsøkta. Her er det lagt opp til allsidige øvingar, ofte ispedd litt leik og konkurranseelement.

– Det er spenst, sprint, styrke og litt uthald, seier Lødemel. Med sin friidrettsbakgrunn og Tjellaug si lange fartstid frå fotball og som idrettslærar så utfyller dei kvarandre godt. Dei er svært glade for den gode mottakinga det nye tilbodet har fått. Rundt 60-70 ungar og foreldre brukar å stille på tysdagskveldane.

– At ungane kan trene ilag med foreldra er kanskje det kjekkaste med dette, smiler han. Og det er også Lødemel og Tjellaug sjølve levande bevis for. Der stiller heile familiane mannsterke opp.

Også Hilde Ullebø Hool og sonen Sokrates (11) brukar få med seg basistreningane.

– No er det pause i fotballen og då er det fint å kunne vere med på dette. Sjølv merka eg det godt etter all sprinttreninga sist, smiler Hool, og tek seg til baksida av låra.

Ein annan som fekk merke treninga på kroppen var Johann Sigurdsson. Han pådrog seg ein strekk førre veke og måtte sjå dei andre sveitte frå sidelinja. Også han var full av lovord om det nye treningstilbodet.

– Dette er eit kjempeflott tiltak. Det er noko ein har snakka om lenge at ein burde få til, men ikkje gjort noko med. Så veldig bra, skryt Sigurdsson.

Jarle Lødemel leier an på oppvarminga. Foto: Roy Aron Myklebust
Sokrates (11) og mamma Hilde Ullebø Hool.
Med hopping over hinder og hekkar skal spensten trenast. Jon-Terje Tjellaug følgjer med og rettleiar. Foto: Roy Aron Myklebust
Her ser vi to representantar for foreldregenerasjonen i flott driv under sprinttreninga. Bodil Eikenes Tjellaug (t.v.) og Marthe Rekdal. Foto: Roy Aron Myklebust
Desse fekk nok kjenne det både på pulsen og i låra etter nokre runder med spensthopp på matter lagt ut på tvers av hallen. Foto: Roy Aron Myklebust
Arve Aabrekk og dottera Marie (13) var med på treninga for første gong. Dei var svært tilfreds med opplegget. Foto: Roy Aron Myklebust
På relativt kort tid har basistreninga blitt eit populært tilbod. 60-70 born og vaksne stiller jamt og trutt tysdagane. Foto: Roy Aron Myklebust