Olav Atle Øvreberg er ny leiar for Stryn Handel. Øvreberg har sitt daglege arbeid i familiebedrifta Øvreberg Installasjonforretning AS. Han har ved nyåret teke på seg ei ny rolle som leiar for Stryn Handel.

Øvreberg fortel Fjordingen om kva arbeid Stryn Handel gjer for å gjere handlegata i Stryn like attraktiv som andre handelsmoglegheiter i nærleiken.

Stryn Handel

Hovudoppgåva til Stryn Handel er å skape trivsel og miljø for dei som driv handel og service i Stryn sentrum, med tilrettelegging og aktivitetar for kundane. Stryn Handel jobbar for å lage aktivitetar i forbindelse med julegata, Sommarglade Stryn og andre festivalar i sentrum. Stryn Handel vil aktivt vere med på å få kundane til å trivast og til å kjenne seg velkomne til å handle i Stryn og få gode handleopplevingar.

Netthandel

– Vi hentar ikkje inn data i frå medlemane våre, men utifrå synsing og korleis enkeltbedrifter opplever det, er netthandel ein stor trussel. Kundane går kanskje inn i butikkane og ser på varene, for så å gå heim og handle på nettet, fortel Øvreberg til Fjordingen.

Statistikken som blei tatt for 2017 viser at over halvparten av norske forbrukarar handla på mobil. Dette rammar også Stryn Handel. Øvreberg fortel at den yngre generasjonen er dei som utnyttar e-handelen mest, medan dei eldre er meir lojale til dei lokale butikkane. Dette vil vere ei utfordring framover. For at dette ikkje skal ta over dei lokale butikkane vil Stryn Handel hjelpe medlemane sine med fokusere på å gi kundane ein god opplevelse når dei handlar. Lage eit godt miljø og god trivsel i handlegata.

– For å ha ei attraktiv handlegate må vi ha mange forskjellige butikkar og kafear og ein må pynte og rydde i gata seier Øvreberg.

Ein av dei største turistkommunane

– Sjølv med netthandel som trussel har vi ein stor fordel med at Stryn er ein av dei største turistkommunane på Vestlandet. Vi har en god del turisttrafikk som handlar med oss, og det utgjer ein relativ stor del av omsetninga.

Butikkane i Stryn merkar stor forskjell på besøkjande i sommaren når her er turistar og når besøkjande i hyttefelta handlar på dei lokale butikkane i Stryn. Det viser godt igjen i høgtider, helger og feriar.