Etter Johannes Thingnes Bø sine superløp fredag og laurdag var det knytt spenning til om han kunne ta ein trippel i Anterselva. Dessverre fungerte det ikkje like godt på standplass i søndagens fellesstart, og det vart storebror Tarjei som sytte for at Bø-familien var representert på pallen også i dette løpet.

Tarjei slapp unna med to besøk i strafferunden og låg siste halvdel av løpet og veksla med lagkamerat Erlend Bjøntegaard om andre- og tredjeplassen. Den duellen vart ikkje avgjort før løparane var inne på stadion, då viste Tarjei at dei eldste framleis er eldst og sikra ein gledeleg andreplass etter to tunge løp før i helga. Martin Fourcade vann fellesstarten.

Johannes gjekk som vanleg styggfort og vart nummer seks trass fem strafferundar.