Tobias Bruhn-Henriksen (11) frå Stryn Turn var i helga på Skyland Trampoline Park i Kristiansand der han deltok i Skygames G- Tramp konkurranse. Dette er ein X-games relatert trampolinekonkurranse, lansert av trampoline-guru Greg Roe, kjent frå bl.a. "Nitro Circus" og "America's got Talent".

Mamma, Janne Bruhn-Henriksen, var også med til Kristiansand og fortel at stjerna Greg Roe sjølv var til stades og leia treningssesjonane, samt konkurransen.

- Det vart konkurrert i kategoriane Big Trick, Combo, som var beste kombinasjon av triks, og Face Off, der to personar utfordrar kvarandre i triks og beste gjekk videre, fortel ho .

Og turntalentet frå Stryn fekk det verkeleg til å fungere på trampolina.

- Tobias overgjekk seg sjølv og landa blant anna ein trippel forlengs salto til stor jubel frå tilskodarane, fortel Bruhn-Henriksen.

Samla kom Tobias på 2. plass i klassen under 13 år. Poengmessig i hele konkurransen vart han berre slegen av tre andre, der to var betydeleg eldre.

Neste helg vil Tobias delta i Altitude i Oslo for nye treningsesjoner under Greg Roe.

Tobias i aksjon under konkurransen.