Fjordingen for 10 år sidan:Elevbedrifta Neptun UB ved Stryn Vidaregåande har servert tapas til gründerane i Stryn og laga mat til 250 elevar på juleball. Men det er ikkje berre det dei kan gjere. – Vi lagar ikkje berre tapas, vi er åpne for det meste så lenge det er innan kokk- og servitør- yrket. Alle vi som er med i bedrifta, gjekk kokk i fjor og spesialiserer oss på servitørfaget i år, så vi kan både lage mat og servere i til dømes konfirmasjonar eller bryllaup, seier dei. Dei fem elevane som alle går i andre klasse ved kokk og servitør, har god erfaring med elevbedrifter. Dei har alle vore med i ei elev-bedrift før, men dette er første gongen at akkurat desse fem samarbeider. Det er krevjande å drive ei elevbedrift. Det er mykje å halde styr på, og dei fem elevane får ikkje bruke noko av skuletida. Dei brukar difor mykje fritid og fritimar, men dei har god støtte frå lærerane sine. –Vi tener pengar på drifta og har det kjekt i lag, samtidig som det er ei fin erfaring, seier dei.