Det opplyser helseføretaket i ei pressemelding. Førebelse utrekningar syner eit overskot på 1,7 millionar kroner.

– Vi er svært glade for dette. Samtidig må vi ikkje gløyme at dette er 13 millionar kroner under budsjettmålet for 2017, og vi må difor ha fullt fokus på å gjennomføre planane vi legg for 2018, seier økonomidirektør Halfdan Brandtzæg i Helse Førde.

I september varsla han at drastiske kutt måtte til for å berge årsresultatet. Og i følgje helseføretaket gav det resultat. Etter intenst innsparingsarbeid siste halvår i fjor, ser det no ut til at Helse Førde styrer unna driftsunderskot i 2017.

– Utover i 2017 har vi sett ei uventa positiv utvikling som gjorde at rekneskapen betra seg mot slutten av året. Det gjeld særleg ein uføresett nedgang i utgifter til pasienttransport og lågare utgifter til gjestepasientar i andre helseføretak. – Saman med tiltaka vi sjølv sette i verk, har dette drege lasset i rett retning, seier økonomidirektøren.