I helga var det Sparebank Vest Cup i Nordfjordhallen i Vågsøy, og fleire lag frå Stryn fotball gjorde det svært så godt i den tradisjonsrike turneringa.

J13 stilte med to lag og her gjekk det eine laget lik så godt heilt til topps i A-sluttspelet. Lag to tapte finalen i B-sluttspelet på straffespark.

Også Strynfotball sine jenter 15 år sparka godt ifrå seg og laget kjempa om sigeren til siste slutt. Men i finalen i A-sluttspelet måtte det straffespark til for å kåre ein vinnar, og her vart Blindheim 1 eit lite hakk for kvasse.

Endeleg tok jenter 16/17 ein finfin tredjeplass i sin klasse.

På gutesida vart det ein flott tredjeplass i 13 årsklassen og i klassen gutar 14 år vart det semifinaletap mot Hødd. Også her måtte det straffespark til.

Hornindal stilte med to lag i klasse J15.Hornindal 2 blei nummer tre i A-sluttspelet, medan Hornindal 1 blei nummer to i B-sluttspelet.