Sander Amble Haugen er kalla inn til samling med G18-landslaget i fotball.

På samlinga i februar skal det spelast tre landskampar på La Manga mot Polen, Romania og Tsjekkia. Dette blir innvikaren sitt første møte med G18-landslaget. Tidlegare har han vore innom fleire aldersbestemte landslag.

–Eg har hatt som mål å kome tilbake på landslaget, så dette var kjekt, seier Sander, som sist sesong spelte mykje andrelagsfotball for Viking i Stavanger. Han fekk også ein del kampar for klubben sitt G19-lag.

– Kva tenkjer du om samlinga du no skal på?

– Eg håpar eg får vist meg fram på best muleg måte både i kamp og på trening. Og så håpar eg at eg lærer mykje, fortel 17-åringen som går andre året på vidaregåande. Det betyr at han også blir å finne i Stavangerklubben komande sesong.

Viking rykte ned frå eliteserien etter fjorårssesongen, og om Amble Haugen får sjansen i Obos-ligaen står att å sjå. Sjølv har han eit avslappa forhold til akkurat det:

– Det hadde vore kjekt å få sjansen i år, men vi får berre vente å sjå.

Sander Amble Haugen forlèt Stryn før fjorårssesongen for å slutte seg til Viking.