Leiaren av idrettslaget i Stryn er frustrert over at administrasjonen i kommunen har vurdert leilegheiter i Arena Stryn som upassande. Diskusjonen kring Arena Stryn har stogga framgang i prosjektet.

– Ein ser den same kombinasjonsløysinga på Åråsen i Lillestrøm, ein ser det på Høddvoll og no skal det byggast 260 leilegheiter ved Brann Stadion, så skal ikkje det la seg ordne i Stryn? spør Beinnes energisk og held fram.

– Dei som skal ha seg leilegheiter her er jo klar over at dei vil bu i samband med ein arena med både lys og støy. Vi har investert 22 millionar i dette området og har, tru det eller ei, lagt ned 44.000 timar med gratisarbeid, og så skal ein møte motstand? rasar han.

Torsdag skal saka til politisk handsaming i teknisk utval med tilråding om at det ikkje vert tilrådd reguleringsendring/omregulering til bustader i 2. og 3. etasje i Arena Stryn – bygget.

Beinnes har tru på at politikarane vil gå imot tilrådinga frå administrasjonen.

– Eg har tru på at politikarane våre ser kor viktig dette er for heile Stryn, seier Beinnes.