Nye leiarar på plass i nye Volda

Barnevernsleiar Aina Ø. Opsvik er ny leiar for barnevernstenesta.  Foto: Privat

Nyhende

Både det interkommunale barnevernssamarbeidet og biblioteket i Hornindal har fått nye leiarar.

Aina Ø. Opsvik (53) starta 1. januar som barnevernsleiar. Ho er utdanna barnevernspedagog med tilleggsutdanning i mellom anna barnevernsleiing. Tenesta omfattar kommunane Hornindal, Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta, med Volda som vertskommune.

I samband med at biblioteket i Hornindal er bestemt å vere ein filial under Volda Folkebibliotek er Tove Aurdal Hjellnes tilsett som ny biblioteksjef frå 1. februar. Biblioteket vil vere bemanna nokre timar måndagar og onsdagar, men er ope for enklare tenester kvar dag. Dette vert orientert om på Hornindal kommune sine nettsider.