– Godt frammøte og gode diskusjonar

Held fram som leiar: Arne Sølvberg var attvald som leiar i Stryn Sau og Geit.  Foto: (arkiv) Roy Aron Myklebust

Nyhende

Overproduksjon og prisfall var noko av det som vart debattert på Stryn Sau og Geit sitt årsmøte.

Det vert meldt om godt frammøte i Fjellvarden, og utanom årsmøtesakene vart den vanskelege situasjonen med overproduksjon og prisfall på sau- og lammekjøt drøfta. Det vart óg livleg diskutert kva endringar i tilskotsordningane som bør gjerast for meir balanse i produksjonen, helst med utmarksbeiting og anna beiting og mindre bruk av innkjøpt mjølkeerstatning og kraftfôr.

Lammetalet per sau var sentralt i debatten, og det vart sagt at avlsarbeidet har stimulert til altfor høgt lammetal med resultat i fleire heimelam på «kunstig oppfôring». Det var stor semje om at investeringstilskot til driftsbygningar må kunne gjevast for å halde oppe eksisterande produksjon, utan å halde fram med store utvidingar ved kvart einaste byggeprosjekt slik statistikken syner for dei siste åra. Synspunkta vert sendt til fylkeslaget.

Ragnhild Løkken frå Norgesfor hadde også teke turen frå Skjåk og heldt ei fagleg økt om mineraltilskot til sau og den nye bolus-teknikken med innlegging av langtidsverkande mineralkapslar i vomma.

Heile styret vart attvald på årsmøtet i Fjellvarden. Arne M. Sølvberg held fram som leiar og har med seg Magne Garlid, Margaret Skåre, Jon Ulvedal og Nils Olav Nesje i styret.