Fleire bruksforbod i ny kontroll ved Kjøs bru

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Statens vegvesen gjennomførte ein ny tungbilkontroll ved Kjøs bru torsdag.

To sjåførar fekk skriftleg åtvaring grunna brot på køyre- og kviletidsreglane, ein sjåfør fekk 1.500 kr i gebyr for å ha to dekk med mønsterdybde under lovleg minimum, fire sjåførar fekk bruksforbod for gjenstander i frontrute og dette måtte fjernast før vidare køyring, og eitt vogntog måtte korte inn lengda på grunn av at det vart målt til over lovleg lengde.

I alt vart 21 køyretøy kontrollerte.