Kick off for UKM i Stryn kulturhus

Kick off: Fellesbilde av dei påmelde som deltok på kick off i Stryn kulturhus.  Foto: Silje Fløtre Reed

Klare for UKM: Dansegruppa «Born 2 dance».  Foto: Silje Fløtre Reed

Nyhende

Førre fredag ettermiddag var kulturhuset i  Stryn sett av for alle deltakarane på den komande ungdomskulturmønstringa.  Deltakarane fekk mat og drikke, såg kino og førebudde seg til UKM på det dei kallar ”kick off/pang start” i kulturhuset.

UKM står for Ung Kultur Møtes (tidlegare Ungdommens Kulturmønstring).

Bli kjent-fest

UKM seier at ”kick off” er ei sosial samling, ei oppvarming, ein bli kjent-fest, eit tryggingsprosjekt og eit verktøy for arrangørane. Denne kvelden var sett av slik at arrangørane kunne planlegge mønstringa, snakke med dei påmelde og planlegge eit fantastisk show for dei som kjem og ser på kulturmønstringa laurdag 3. februar.

Nasjonal UKM-festival

Under årets UKM er det 23 sceneinnslag og ein del kunstinnslag, noko som resulterer i 92 deltakarar ifrå Stryn og Hornindal kommunar. Ungdommane som skal opptre på UKM er ifrå alderen 13 til 20 år. Programleiarane for kvelden er Eline Hetle Alsaker og Sara Timurtas.

Born 2 dance

Ei av dei påmelde som var på pangstarten var Kjersti Fløtre Reed som er med i dansegruppa ”Born 2 dance.” Ho fortalde at ho var med på både pangstarten og UKM i fjor og meinte det er eitt av årets høgdepunkt.