Stryn forsterkar laget

Ny spelar: Oli Sveinsson og Stryn forsterkar laget i sesonginnspurten.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Stryn forsterkar 2. divisjonslaget i handball for herrar. Kroaten Stjepan Knezic er allereie speleklar til dobbelkampane i Bergen i helga.

Stryn har skaffa seg ein solid forsterking i Knezic, som har banka inn 112 mål på 15 kampar for 2. divisjonslaget Tynset denne sesongen. Knezic er kamerat med Stryn sin spelar Lovro Kresic, som spelte for Tynset i fjor.

Viktige bortekampar

– Knezic kan spele i alle posisjonar og blir ei viktig brikke framover i lag med dei andre, seier trenar Oli Sveinsson.

Stryn ligg under nedrykksstreken før to særs viktige kampar i helga. Herrane har kniven på strupen når det gjeld å skaffe seg poeng, og bortekampane mot Bergen HK (laurdag) og Bjørnar (søndag) er viktige for Sveinsson sitt mannskap.

Heimekampen mot Bergen HK i haust var kanskje sesongverste (21-35 tap), medan uavgjort mot serieleiar Bjørnar (27–27) var i andre enden av skalaen.

– Spelar vi bra kan alt skje, seier Oli Sveinsson.

Stryn sine 3. divisjonsdamer spelar også i Bergen laurdag når BSI er motstandar. BSI ligg på 2. plass på tabellen, men laget slo så vidt Stryn 22-23 då laga møttest i Strynehallen i haust.