Stryn knuste serieleiaren

Nyhende

Stryn sitt herrelag i 2. divisjon handball vann begge sine seriekampar i Bergen i helga.
Då laget trengde det som mest tok dei fram det som skulle til for å tukte både Bergen HK (32-28) laurdag og serieleiar Bjørnar (31-26) søndag. Spesielt søndagens siger over serieleiar Bjørnar lukta det svidd av, og Oli Sveinsson sitt mannskap har no los på laga før på tabellen. Nysigneringa Stjepan Knezic viste i helga at han blir ein nyttig tilvekst for Stryn i sesonginnspurten, og laget er no for alvor er med i kampen om å behalde plassen i divisjonen.

- Vi har noko på gang, eg er utruleg glad på gutta sine vegner, seier trenar Oli Sveinsson etter to triumfar på like mange dagar.

Også Stryn sitt damelag i 3. divisjon beit frå seg då dei laurdag spelte borte mot serietoar BSI, også det i Bergen. Uavgjort 23-23 skal ein i utgangspunktet vere fornøgd med, men Leon Pavlovic sitt mannskap har grunn til å føle seg litt snytt for sigeren då fleire tvilsame dommaravgjerder gjekk imot laget.

Meir om handballkampane i papiravisa.