Dagens leiarartikkel

Grensejustering for Bjørke

Nyhende

54 prosent av innbyggjarane på Bjørke og Viddal som deltok i innbyggjarundersøkinga om grensejustering, ønskjer å bli verande i Ørsta kommune. 42 prosent svarte at dei ønskjer overflytting til nye Volda kommune, medan tre prosent har svart at dei ikkje veit.

Når fylkesmannen skal gje kommunalministeren råd om framtidig tilhørigheit for Bjørke-området, er innbyggjarundersøkinga eitt av fleire moment som skal vere med i vurderinga. Det er allereie etablert samarbeidsordningar der innbyggjarar på Bjørke får nytte kommunale tenestetilbod i Volda og Hornindal. Dei som tok initiativet til grensejustering, har argumentert for å bli del av den kommunen der dei får levert tenestene sine. Når innbyggjarundersøkinga viser at fleirtalet i krinsen likevel ønskjer å bli verande i Ørsta, må dette veie så tungt at Fylkesmannen og dernest kommunalministeren let fleirtalet sitt syn vinne fram.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør