Ny kontrakt for Vanessa

Volda: Vanessa Sunde Hoel frå Stryn har signert ein ny avtale med Volda handball. Avtalen strekkjer seg til 2020.  Foto: Volda handball

Nyhende

Vanessa Sunde Hoel frå Stryn har signert ny avtale med Volda handball.

Sunde Hoel har signert ei kontrakt som varer til 2020. Etter å ha kjempa seg tilbake frå ein alvorleg skade, er ho glad for å knyte seg til laget for ein ny periode, skriv Volda handball i ei pressemelding.

Passar godt inn i klubben

Det er også trenar Halldór Stefán Haraldsson:

– Vanessa, som ikkje har spelt i år, var ein av dei viktigaste på laget i sesongen 2016/2017, då ho fekk ein korsbandskade. Vi har store forventningar til Vanessa og ho har sjølv store ambisjonar, så klubben og Vanessa passar bra saman. Vanessa er ein fantastisk langskyttar og sterk forsvarsspelar, og ho kjem til å auke breidda i laget, seier ein nøgd Volda-trenar om signeringa.

– Ein veldig fin gjeng

Vanessa sjølv er særs motivert for å aksle trøya i ein ny periode. Dette seier ho om kvifor ho valde å signere ny avtale med klubben som pr. dags dato leiar si 2. divisjonsavdeling:

– Volda er ein klubb som satsar, og her kan eg få utvikle meg. Vi har ein utruleg dyktig trenar og er ein veldig fin gjeng. I tillegg er det ingen tvil om at eg er ekstra motivert for bidra for Volda når heile 2017 gjekk med til skade, seier ho.