Tilrår overføring av Hornindal til Møre og Romsdal politidistrikt

Ut på høyring: Assisterande politidirektør Håkon Skulstad har sendt framlegg om endringar i politidistriktsgrensene ut på høyring. Her vert nye Volda kommune, med Hornindal og Volda, tilrådd lagt under Møre og Romsdal politidistrikt med næraste tenestestad i Ørsta, slik Volda har i dag. Foto: Politiet  Foto: Politiet

Nyhende

Politidirektoratet tilrår at nye Volda kommune skal tilhøyre Møre og Romsdal politidistrikt og inngå i Indre Sunnmøre lensmannsdistrikt med administrasjonsstad og næraste tenestestad i Ørsta, slik Volda og Ørsta lensmannskontor har i dag.

Det vart 30. januar sendt ut eit høyringsbrev frå Politidirektoratet, der temaet var endringar i grensene for politidistrikta.

Då Stortinget behandla kommunereforma, vart det vedteke fleire kommunesamanslåingar som krev justering av politidistriktgrensene. Ei av desse samanslåingane var Volda og Hornindal.

Volda kommune har omlag 9.100 innbyggjarar og tilhøyrer Møre og Romsdal politidistrikt, inngår i Indre Sunnmøre lensmannsdistrikt og har Volda og Ørsta lensmannskontor som administrasjonsstad. Dette er også næraste tenestestad. Kontoret ligg i Ørsta.

Hornindal har omlag 1.200 innbyggjarar, tilhøyrer Vest politidistrikt og inngår i Nordfjord lensmannsdistrikt, med Nordfjordeid som administrasjonsstad og Stryn lensmannskontor som næraste tenestestad.

- Kortast reisetid for fleirtalet

Direktoratet legg ikkje opp til at den nye kommunen skal ha eigne politilokale.

– Det er forholdsvis kort avstand både til Stryn lensmannskontor og Volda og Ørsta lensmannskontor, skriv assisterande politidirektør Håkon Skulstad i saksutgreiinga, og viser til at Volda og Ørsta lensmannskontor i Ørsta har kortast reisetid for fleirtalet av innbyggjarane i den nye kommunen, og samstundes har større kapasitet enn lensmannskontoret i Stryn.

– Ved behov for støtte i tyngre saker er det best kapasitet ved, og kortast reiseveg frå, Ålesund politisasjonsdistrikt, skriv assisterande politidirektør, og trekkjer ein førebels konklusjon om at den nye kommune bør verte lagt til Møre og Romsdal politidistrikt.

- Forholdsvis kort avstand

I saka er m.a. behovet for endring og omstilling ved val av ulike alternativ utgreidd. Her skriv assisterande politidirektør at det vil medføre begrensa behov for endring og omstilling i politiet ved overføring av Hornindal til Volda og Ørsta lensmannskontor.

– Hornindal kommune har relativt lita befolkning og har ikkje eigen tenestestad. Det er forholdsvis kort avstand til næraste tenestestad med tilfredsstillande kapasitet i Møre og Romsdal, skriv Skulstad.

Ein tredel av grunnlaget

Dersom Volda, med sine i overkant av 9.000 innbyggjarar, skulle bli overført til Vest politidistrikt, vil omlag ein tredel av befolkningsgrunnlaget i Indre Sunnmøre lensmannsdistrikt følge med.

– Dette vil kunne skape behov for ytterlegare endringar i organiseringa av Møre og Romsdal politidistrikt, seier assisterande politidirektør.

Politidirektoratet seier difor i tilrådinga at dei førebels vurderer at den nye kommunen ved samanslåing av Volda og Hornindal bør leggast under Møre og Romsdal politidistrikt.

Følgje fylkesgrensene

– I så fall vil politidistriktsgrensa følgje fylkesgrensa i området, kommunen vert vurdert som best å kunne bli understøtta frå politiressursane i Møre og Romsdal og alternativet medfører minst endrings- og omstillingsbehov for politiet, konkluderer assisterande politidirektør.

I saksutgreiinga går det også fram at politidirektoratet meiner det bør vere eit prinsipp at politidistrikta i størst mogeleg grad bør følgje fylkesgrensene. Kva distrikt dei nye kommunane tilhøyrer vil også kunne ha innverknad på korleis politiet i praksis kan levere tenestene sine.

Tilrådinga er no ute på høyring. Frist for innspel er 1. mai.