Det var ein rørt Sjur Ole Svarstad som kunne sjå eleven sin, Ragnhild Haga, gå inn til OL-gull torsdag.

Sjur Ole Svarstad frå Markane er saman med Roar Hjelmeset frå Gloppen trenar for det norske kvinnelandslaget i langrenn. Tidlegare har han vore trenar for rekruttlandslaget, og Ragnhild Haga har i fleire år vore ein av hans elevar. Torsdag vart såleis ein stor dag for både løpar og trenar.

– Det er vanskeleg å finne ord for denne prestasjonen. Ho har hatt denne dagen som mål, men å klare å gå inn til siger, det er stort. No har vi stått her nokre dagar og sett svenskane ta gull, så det var kjekt at det endeleg vart norsk gull. Og særleg at det vart outsideren Ragnhild Haga, sa Sjur Ole Svarstad til TV Norge rett etter at OL-gullet var klart.

Svarstad har som rekruttlandslagstrenar opplevd at fleire av talenta han har hatt hand om har kome opp og yppa seg mot verdseliten. «Sjur Ole Svarstads elev» har vore eit fast uttrykk frå kommentatorbua. Men det har han aldri fått høyre sjølv, fortalde han Fjordingen:

– Nei, det har eg aldri fått høyre. For eg har vore på skirenn, eg då!