Trafikkulukke i Markane

Slik såg bilen ut etter utforkøyringa i Markane fredag morgon.  Foto: Privat

Nyhende

Politiet melde fredag morgon om trafikkulukke aust for Øyebakken, ved avkøyrsla til Maursetvegen, i Hornindal kommune.

Ein bil skal vere involvert og førar har kome seg ut av bilen som ligg utanfor vegbana. Det vert meld om glatte vegar i området.