Stadnamnforskaren:

Kvar har skiheltane etternamnet sitt frå?

Trenar Sjur Ole Svarstad med løparane Marit Bjørgen t.v. og Kari Øyre Slind.   Foto: Inge Fænn

Nyhende

I desse olymiade-tider skal vi sjå litt på namna til langrennseliten.

Marit Bjørgen: Vi startar med skidronninga vår. Bjørgen

 er gardsnamn i Midtre Gauldal, og skal eigentleg uttalast «bjørja», i dativ «bjørjen». Norrønt «bjarg n», fleirtal «bjorg» var brukt om høge og bratte berg. Jfr. fjellet Bjørga ved Jostedalsbreen, og Bjørgvin = Bergen

Therese Johaug: Gardsnamn frå Hedmark. Førsteledd er mannsnamnet Jo.

Kari Øyre Slind: Gardsnamn Slindan i Selbu. «Slind» = tverrbjelke, tverrstang, også smal flate. Gardsnamnet Slinde i Sogndal har same tyding.

Heidi Weng: Gardsnamn Veng i Enebakk. Usikker tyding, kanskje avleidd av «vang»? Gardsnamnet Vengen i Selje er truleg ei samanlikning med (fugle)veng, båtveng eller veng på eit hus.

Maiken Caspersen Falla: Caspersen = «farsnamn» etter Casper, Kaspar. Falla: gardsnamn med usikkert opphav, kan kome av «jordfall, nedfallen skog». Frå Jevnaker el. Fet.

Astrid Uhrenholdt Jacobsen: Uhrenholdt: ukjent opphav, kanskje dansk. Jacobsen: «farsnamn» etter Jacob.

Ingvild Flugstad Østberg: Flugstad: Gardsnamn bl.a. i Lillehammer. Usikkert føreledd, men kan kome av «flog, bratt stad». Østberg: Gardsnamn bl.a. i Gjøvik (Austberg i Grue) = garden i aust.

Kathrine Harsem: Gardsnamn i Skjåk. Usikkert førsteledd, kanskje «hardangr + heim». I 1358 skrive «Hardæimsheim», etter 1723 skrive Harsem/Harsheim.

Ragnhild Haga: Namn på ca. 50 gardar, bl.a. i Sandnes. Dativ eintal av norrønt «hagi» = hage, innhegning, inngjerda jordstykke.

Mari Eide: Mykje brukt gardsnamn. Norrønt «eidi» = dativ eintal av «eid n» = eid, landtunge.

Martin Johnsrud Sundby: Johnsrud: Gardsnamn på ca.15 stader, bl.a. på Ringerike. Mannsnamnet Jon + rud = rydning. Sundby: Gardsnamn på 25 stader.

Niklas Dyrhaug: Gardsnamn bl.a. i Eide. «Dyr-» viser anten til dyra elg/hjort (jakt) eller mannsnamnet Dyre + haug.

Sjur Røthe: Gardsnamn i Ullensvang og Voss, i 1360 skrive «Røtenn». Namnet også skrive Røte. Kjem frå norrønt «rot». Røthe = trerot + vin (=udyrka beitemark).

Anders Gløersen: «farsnamn» etter mannsnamnet Gløder (avleidd av verbet «gløde»).

Pål Golberg: Gardsnamn i Gol. Føreleddet er truleg elvenamn avleidd av «gardr» = gjerde, grenseelv + berg.

Eirik Brandsdal:

Gardsnamn bl.a. i Gulen. Mannsnamn Brand (norrønt Brandr) + dal.

Petter Northug: Gardsnamn i Steinkjer, til vanleg skrive Nordtug (ca.1430 «Nordthuf»). «Nord»+ «tufr» = tuve, knaus, topp > «knausen som ligg i nord»

Didrik Tønseth: Gardsnamn fleire stader. Usikkert opphav. Føreleddet kan vere «tyrni» = tornebusk. Kan ha tydinga «tun+set», eller det same namnet som bygdenamnet Tynset, opphavleg

gardsnamnet Tunneseter, der førsteleddet er elvanamnet Tonna.

Emil Iversen: «farsnamn» etter mannsnamnet Iver, Ivar.

Finn Hågen Krogh: Hågen er mellomnamn, dansk form av Håkon Krogh: gardsnamn fleire stader. Namnet vert skrive på fleire måtar: Krog, Krok, Krohg og Krogh. Kjem frå dansk «krog» = krok, eller ei eldre form «crock» = kro, vertshus. Også brukt i svensk og tysk.

Johannes Høsflot-Klæbo: Høsflot har usikker tyding. Det er nok eit gardsnamn. Føreleddet kan vere norrønt adj.«hoss» = grå, eller substantivet «høse» = innsnevring av bekk. Flot = flate.

Klæbo: Kan vere gardsnamnet Klæbo i Steinkjer eller eit slektsnamn frå Klæbu. I 1430

skrive «Kleppaboe» = Kleppabu. «Klepp» = fjellknatt + bu (gard, bruk).

Simen Hegstad Krüger: Gardsnamn fleire stader i Trøndelag. Føreleddet truleg norrønt mannsnamn Heggr + stad. Krüger er det same som Krøger eller Kruger, namnet kjem frå tysk. Det er yrkesnamnet «krovert», avleidd av Krug = kro. Vanleg namn i dansk og svensk.

Hans Christer Holund: Usikkert, men truleg eit gardsnman. Førsteleddet er truleg norrønt «holl m» = hol, rund høgde. «-und» er ei mykje brukt ending med tydinga «som har denne eigenskap».

Håvard Taugbøl: Gardsnamn i Eidskog og Sør-Odal. Også skrive Tobøl. Føreleddet er kanskje «to», norrønt for «graskledd fjellhylle» eller personnamnet Tofi, Tofa. «Bøl» = bustad, gard.

Sindre Bjørnstad Skar: Bjørnstad: Gardsnamn på 30 stader, mest på Austlandet. Mannsnamnet Bjørn + stad. Skar: Gardsnamn bl.a. i Verran og Dønna. «Skar n» = fjellskar.

Sondre Turvoll Fossli: Turvoll: Gardsnamn i Vik i Sogn. Føreleddet kan vere adj. «turr, tørr» eller «tur» = bulder, dur + voll. Fossli: Gardsnamn i Målselv og Nissedal. Foss + li.