Sandra i landstoppen

Skyttartalentet Sandra Vindfjell Frøholm frå Utvik og Innvik Skyttarlag hevdar seg i landstoppen, og utviklar seg til å bli ein endå betre utøvar ved NTG på Kongsvinger.

talent: Sandra Vindfjell Frøholm går på Norges Toppidretts- gymnas på Kongsvinger. foto: utvik og innvik skyttarlag  Foto: Utvik og Innvik Skyttarlag

Nyhende

På toppidrettsgymnaset får Sandra mulegheita til utvikle seg som toppidrettsutøvar samtidig som ho gjennomfører vidaregående skule.

Mykje trening

Ved skulen får elevane trent både før og etter skuletid, og på programmet står fysisk trening og skyting. På denne skulen er det fokus på sportsskyting med både nasjonale og internasjonale konkurransar. I januar var ho i Sverige og Danmark på stemne, og i mars reiser dei til Tyskland for å konkurrere.

Topp 10

– Sidan Sandra starta å skyte med luftvåpen i oktober har ho hatt ei god utvikling og ligg pr dags dato på topp 10 i landet. Sandra trivst både med skule, treningsmiljø og hybelliv, og vi gler oss til å følge ho vidare, seier Espen Aarreberg i Utvik og Innvik Skyttarlag.