NRK sin skiskyttarekspert:

– Forholda er "på grensa til det helseskadlege"

Juryen har bestemt at det blir skirenn sidan forholda har blitt bedre utover dagen, melder NRK.

Det blir ein værhard OL-sprint for Johannes og Tarjei frå Markane IL i dag.  Foto: Norges Skiskytterforbund

Nyhende

Herrane sin skiskytingsprint med Johannes Thingnes Bø som favoritt med bakgrunn i tidlegare resultat denne sesongen, stod lenge i fare for å bli avlyst. Til slutt bestemte juryen seg for at blir skirenn likevel. Men, det blir eit svært kaldt og vindfullt renn, på grensa til det helseskadlege, meldte NRK sin skiskyttarekspert Ola Lunde tidlegare i dag.

Det er ikkje sjeldan ein småpratar om været. Men, for kanskje første gong i verdshistorien, er været i Sør-Korea "snakkis" over heile kloden.

"Herrane sin sprint i skiskyting står i fare for å bli avlyst grunna den sterke vinden i Pyeongchang i dag", meldte NRK Sport i dag tidleg. Tidleg på morgenkvisten på Søndag, blei både utforrennet og kvinnenes slopestylekvalifisering avlyst. Med temperaturar ned til -20 grader Celsius, og tidvis kraftig vind, blir det ein iskald sprint for dei lokale heltane i dag klokka 12.15 norsk tid.