I dag brakar OL laust for skiskyttarherrane, og det er sprint som står på programmet. Johannes Thingnes Bø slepp ikkje unna favorittstempelet om vi ser på det som har skjedd før i år. Også Tarjei har synt at han kan vinne på ein god dag.

Det er gått fem sprintar før OL i Pyeongchang og yngste bror Bø har teke tre av sigrane. Tarjei Bø og Martin Fourcade har ein kvar. Kanskje like viktig; Johannes vann den siste sprinten som vart gått, då han sigra føre Fourcade i Anterselva 19. januar.

Også om ein ser sesongen under eitt har Johannes Thingnes Bø all grunn til å stole på eigne prestasjonar når han skal ut og jage gull i OL-løypene. Av dei totalt 15 løpa som er gått i verdscupen individuelt har han vunne åtte av konkurransane- Fourcade har seks sigrar.

På dagens sprint stiller i tillegg til Bø-brørne, Emil Hegle Svendsen og Erlend Bjøntegaard. Løpet startar 12.15, norsk tid.