Redusert sikt, snø- og isdekke og fare for elg på Strynefjellet

Statens vegvesen melder om fleire stengte fjellovergongar Søndag morgen, men strynefjellet blir ikkje stengt på kort varsel.

Illustrasjonsfoto  Foto: Arkivbilde

Nyhende

Følg med på trafikkmeldingane til Statens Vegvesen og kjør forsiktig om du skal over Strynefjellet på Søndag. Det er dårleg vær på fleire av fjellovergangane i fylket.

NRK Sogn og Fjordane melder søndag morgen:

"Riksveg 15 over Strynefjellet framleis er ope for fri ferdsel. Ifølgje trafikkoperatør Jeanette Andresen ved Vegtrafikksentralen Øst har entreprenøren på fjellovergangen ikkje varsla at det kan bli kolonnekøyring eller stenging på kort varsel her".

– "Men det er redusert sikt enkelte stader, vekslande snø- og isdekke og fare for elg. Det er venta snøbyer og frisk bris, men per no er det ikkje utsikter for at det kan bli stengt på kort varsel", uttalte Andresen til NRK SFJ søndag morgen.


Du kan følge med på statusen til fjellovergongane her