Arrangerer bygde-Pride for første gong

Desse firejobbar fram mot første Bygdepride i Ørsta/Volda. F.v.: Ingrid Kristine Sylte, Anbjørn Steinholm Frislid, Anne Martha Holsvik og Roy Aleksander Farstad i styret til Ørsta/Volda Pride.  Foto: Ørsta/Volda Pride.

Nyhende

I mai vert det for første gong eit Pride-arrangement i Ørsta og Volda. I ein fire dagar lang festival vert det fokus på skeive rettar, mangfald og glede.

Det er organisasjonen Ørsta/Volda Pride som arrangerer Bygdepride, som går av stabelen 10.–13. mai.

Arrangørane lovar parade, konsertar, kino og foredrag der alle, uansett kven dei er, er velkomne.

– Vi ønskjer å vise at Ørsta og Volda er eit lokalsamfunn som viser aksept og mangfald, og der alle skal kjenne seg heime. Ingen skal lenger kjenne at det er nødvendig å flytte fordi ein er annleis, seier leiar Anbjørn Steinholm Frislid i Ørsta/Volda Pride.

Ørsta/Volda Pride vart skipa i oktober, og har som føremål å fokusere på rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar i bygdemiljøet.

(©NPK)