Lågare tap enn landsgjennomsnittet

Nyhende

Tap av lam på utmarksbeite i Sogn og Fjordane er stabilt lågare enn for landet, skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på si nettside. I 2017 var tapet her i fylket 4,9 prosent medan gjennomsnittleg lammetap i landet var 6,7 prosent.

Dei siste 10 åra har Sogn og Fjordane hatt lågare lammetap enn landet, og dei siste fem åra har Sogn og Fjordane hatt vesentleg lågare tap. Dette skuldast lite rovdyr, låge sommartemperaturar og eit godt arbeid frå sauehaldarane som slepper friske dyr på utmarksbeite og har godt tilsyn med dyra gjennom sommaren, skriv Fylkesmannen.


Prosent tap av lam på utmarksbeite i Sogn og Fjordane og landet


Samanliknar ein kommunane i fylket ser vi at det er store skilnader. For 2017 vart tapet lågast i kommunane i Indre Sogn, med unntak av Årdal som også i 2017 hadde høgare tap enn gjennomsnittet. Det var kystkommunane Gulen, Selje og Bremanger som hadde dei største tapa.


Lammetap per kommune 2017 i prosent


Beitesesongen 2017 var kald og våt, men det var jamt over lite tap og ingen dokumenterte rovdyrangrep. Fleire beitelag melder likevel om aukande problem med ørn og rev. Vêrtilhøva denne sesongen har gjort at alveld og flugemakk har ført til ein del tap. Fleire stader var det meir dyr i skorfeste enn vanleg, både dåleg beite og ørn er nemnt som moglege årsaker til det. Sjukdom som følgje av flått er nemnt som ei viktig tapsårsak også denne beitesesongen.

Mange beitelag har ei godt samarbeid med turgåarar som bidreg i tilsynet og melder frå til dyreeigarane om dei ser noko unormalt. Likevel melder fleire beitelag om aukande problem med laushundar og manglande respekt for bandtvangen. Laushundar fører ikkje alltid til direkte tap av dyr, men til uro i beiteområdet og til at søyer og lam vert skilde frå kvarandre.

Fleire og fleire beitelag har teke i bruk elektroniske bjøller og melder om at dette er gode hjelpemiddel som gjer tilsyn og sanking lettare, og gir mykje nyttig informasjon om beitevanane til dyra. Droner, med og utan varmesøkande kamera, er også på full fart inn i beitenæringa som eit hjelpemiddel i tilsyn og sanking. Eigne facebooksider er også teke i bruk .

Beitenæringa har ei viktig rolle på mange område. For å få oversyn over tap av dyr på beite er vi heilt avhengige av at dei rundt 100 beitelaga i fylket rapportetar inn tal til Fylkesmannen. I tillegg til denne rapporteringa gjer beitelaga ein viktig jobb med tiltak for å få ned tap av dyr på beite og bidreg til eit godt fagmiljø. Allmenta har også nytte av arbeidet med ulike tilretteleggingstiltak som gjer ferdsel i skog og mark lettare.