Jaktstarten i OL

Pallen glapp for Tarjei

Tarjei Bø gjekk ein nær perfekt taktisk jaktstart i OL, men pallen glapp på siste ståande skyting.

Fjerdeplass: Tarjei Bø vart til slutt nummer fire på OL-jaktstarten.  Foto: Tadeusz Mieczynski

Skuffa: Johannes Thingnes Bø var skuffa etter 21. plassen på jaktstarten.  Foto: Tadeusz Mieczynski

Nyhende

Med 13. plass på Tarjei Bø og 31. plass på Johannes Thingnes Bø på sprinten søndag var det to brødre i angrepsposisjon som tok opp jakta på pallplasseringane i måndagens jaktstart.

Det skulle fort vise seg at det var Tarjei Bø og Erlend Bjøntegaard som hadde mest å stille opp med. Særleg Tarjei viste seg frå ei god side med fullt hus på dei to første skytingane. Inn til tredje skyting var bøaren med i tetgruppa, men ein bom førte til at Tarjei var 25 sekund bak Martin Fourcade ut frå skytinga. Johannes måtte ta ein råsjanse for å avansere på resultatlistene, men fire bom øydela for ein av førehandsfavorittane.

Suverene Fourcade skaut feilfritt på siste ståande, og kampen om sølv og bronse stod mellom fleire løparar. Benedict Doll frå Tyskland og Sebastian Samuelsson frå Sverige var iskalde og skaut fullt, medan dei norske håpa, Tarjei Bø og Erlend Bjøntegaard, sprakk og fekk høvevis to og tre bom.

Martin Fourcade gjekk i einsam majestet over målstreken, medan svenske Samuelsson slo Doll i spurten. Tarjei Bø kom i mål til ein sterk fjerdeplass etter ein spurtduell mellom fleire løparar, 1.02 minutt bak Fourcade.

Johannes Thingnes Bø gjekk roleg over målstreken til ein 21. plass, 2.51 minutt bak rivalen Fourcade.

– Surt

– Det var surt å ikkje meistre presset og vinden. Det var tøffe forhold, men fleire som klarte det. Vi var seks løparar som skaut om to pallplassar, alle gjekk «all in», men fire sprakk, sa Tarjei Bø til NRK etter løpet.

Skuffa på sprinten

Sprinten på laurdag, som la grunnlaget for jaktstarten, vart ein nedtur, spesielt for Johannes som vart nummer 31 etter fire bomskot:

– Eg er kjempeskuffa. Eg takla ikkje vinden og hadde kalde fingrar, uttalte Thingnes Bø til NRK etter løpet. Storebror Tarjei enda på ein trettande plass med to bom på sprinten.

Normaldistanse

Torsdag får brødrene Bø og dei andre norske sjansen til å revansjere seg. Då står normaldistansen over 20 kilometer for tur. Seinare i OL går fellesstarten og stafettane.