Vil fjerne radiohalsband frå villrein

Dyrevernalliansen vil fjerne alle radiohalsband frå villrein etter at det er påvist store isdanningar ved bruk av slike halsband.

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Organisasjonen Dyrevernalliansen krev og at alle feltforsøk med villrein blir innstilt, skriv Nationen

– Eg reagerer med avsky når eg ser bilda av endå fleire reinsdyr som lir med isdanning på halsbanda sine. Det seier seg sjølv at forsking på forpinte reinsdyr ikkje gir vitskapeleg innsikt i deira naturlege åtferd, seier dagleg leiar Anton Krag i Dyrevernalliansen.

Sidan 2000 er 385 villrein i Noreg radiomerkte, og i vinter er det 34 villrein som har fungerande sendarar. Fleire går med halsband som ikkje lenger verkar. Den siste tida er det oppdaga store isklumpar på enkelte av dei merkte dyra, noko som har skapt stor debatt.

Norsk institutt for naturforsking (NINA) seier dei vil bruke fjernkontroll for å prøve å fjerne dei halsbanda der det er isdanning. Det er ikkje nok for Dyrevernalliansen, som krev at alle halsbanda blir fjerna. I tillegg vil dei altså ha full stans i forsøk med villrein.

– Dessverre har vi sett altfor mange tilfelle av ville dyr som lir under dyreforsøk til at vi blir overraska. Vi opplever ikkje at forskingsmiljøa tar dyrevelferd på alvor, seier Krag.

Leiar Siri Martinsen i NOAH – for dyrs rettar meiner Mattilsynet ikkje bør tillate halsband på reinsdyr av den typen NINA no nyttar på villrein.