Går for Vestland som fylkesnamn

Fylkesutvalet går inn for Vestland som namn på det nye storfylket.   Foto: SFFK (arkivfoto)

Nyhende

Eit samla fylkesutval vedtok 12. februar at det ønskjer Vestland som namn på det nye fylket, sett saman av Hordaland og Sogn og Fjordane.

Fylkestinga i begge fylka har tidlegare vedteke å bruke namnet Vestlandet, men det har kome kritikk mot namnevalet. Nabofylkeskommunane Rogaland og Møre og Romsdal er begge usamde i  dette forslaget.

No har fylkesutvala i både Hordaland og Sogn og Fjordane gjort nye namnevedtak. Begge tilrår at namnet på det nye fylket vert Vestland. Det er Stortinget som gjer endeleg vedtak i saka, og det er venta at namna på alle dei nye fylkeskommunane vert klare før sommaren, opplyser Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.


Møtte kommunalministeren i januar

Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal fylkeskommunar møtte i Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) 19. januar, for å drøfte namnet på den nye fylkeskommunen på Vestlandet.

Næringsminister Monica Mæland etter møte på Hoven Loen.  Foto: Bengt Flaten

Kommunalminister Monica Mæland ville høyre fylkeskommunane sine synspunkt. KMD planlegg å ferdigstille innstilling si til namn på alle dei nye fylkeskommunane seinare i vår.