Fjordingen gjer merksam på at dette første kapittelet av Tor-Øyvind Rand og Hans-Erik Roset Rand si OL-dagbok var skrive før Johannes Thingnes Bø tok OL-gull. Gullet får vi nok høyre om i kapittel 2!

Etter fire dagar med OL må vi kunne seie at turen allereie er ein brak- suksess.

Så langt har vi fått med oss seks øvingar og rikeleg med norske medaljar. Sportsleg sett skal det nok mykje til å toppe tredobbelt norsk på 30 km, men vi ser ikkje vekk frå at meisterskapet har fleire høgdepunkt å by på vidare.

Vi har som sagt hatt ein bra tur så langt, og marginane har vore på vår side. Første dagen hadde vi billettar til opningsseremonien, noko som i utgangspunktet var litt optimistisk sidan flyet vårt landa i Seoul fire timar før den skulle starte. Frå Seoul rakk vi toget med tre minutt margin, og la i veg mot OL-byen. Med nokre få direksjonar frå internett å gå på greidde vi å snuble oss inn på riktig buss frå togstasjonen, og ikkje lenge etterpå lyste stadion opp i det fjerne. Med sekk og koffert på slep småjogga vi til inngangen, og i same augneblink som vi sette oss ned på plassane våre starta seremonien. 40 timar med reising og lite søvn vart viska vekk av å sjå president Moon opne OL og ikkje minst av å sjå OL-flammen bli tend like over hovuda på oss!

Heia med familien Diggins

Dagen etter var vi på plass for å heie fram dei norske langrenns-kvinnene under duatlonen. Vi var tidleg ute for å skaffe oss gode plassar, og det var vi ikkje åleine om. Eit triveleg par frå Minnesota var på plass for å heie fram sin lokale helt, Jessica Diggins, og vi slo sjølvsagt av ein prat. Ikkje lenge etter kom det ein ny amerikansk gjeng og slo seg ned hjå oss, og dei hadde endå større grunn til å heie fram jenta frå Minnesota. Det var nemleg far, mor, bestemor, søster og tante Diggins, noko som gjorde heile løpet for oss mykje meir interessant. Vi diskuterte mykje undervegs, og var einige om at den ideelle pallen måtte vere Bjørgen, Diggins og Kalla. Vi var ikkje heilt einige om rekkefølga då, vel og merke. Til slutt stod to av dei på pallen, og sjølv om Diggins hamna på femte var det likevel god stemning på tribuna i gjengen vår.

Der eit sølv var gledeleg, men ikkje uventa i langrenn, var sølvet til Marte Olsbu mykje meir overraskande. I vår første konkurranse i skyskyting var nok størst håp festa til Tiril Eckhoff, men der ho sleit på standplass hadde Olsbu full kontroll. Eit herleg løp førte til kjempestemning i det norske hjørnet på tribuna!

Dagen etter var det herrane sin tur, og for ein dag det skulle bli.

Så feil kan ein ta!

Dei norske tilhengjarane gispa då Krüger ramla i starten, men vi var samde om at om det først var ein nordmann som kunne ramle var det vel kanskje Krüger. Gullhåpa Sundby og Klæbo var jo i fint driv. Så feil kan ein ta! Eit stykk imponerande løp etterpå susar Krüger inn til gull rett framfor nasen på oss, med Sundby og Holund på plassane bak. Raudt, kvitt og blått dominerte både pallen og tribuna, og det var ikkje mykje stemme att i to stryningar som gjorde seg klare til å heie fram Tarjei og Johannes på sprinten.

Tre bom på første skytinga til Johannes la ein liten dempar på stemninga, men då løpet var over hadde både Bjøntegaard og Tarjei eit godt utgangspunkt før jaktstarten. Etter løpet slo Tarjei av ein prat, og han var glad for å ha litt stryningar på tribuna. Vi, for vår del, var mest glade for å ha stryningar i løypa.

Tarjei glad for å ha stryningar på tribuna

På måndag skulle det jaktast, og på kvinnesida jakta ingen betre enn Laura Dahlmeier. Den tyske skiskyttarfesten heldt fram både på standplass og tribuna. På herresida skulle den franske festen i gong, då storfavoritt Fourcade kunne skli inn til gull. Tarjei sørga for ei utruleg spanande siste skyting sett med stryneauge, men to bom var ikkje nok til medalje. Ein fjerdeplass i OL er likevel ikkje noko å kimse av, og med billettar til både normal og fellesstart er håpet om å sjå eit gull til Stryn høgst levande!

Før den tid skal vi flytte oss frå byen Gangneung til hovudstaden Seoul. Dei neste dagane tek vi OL-pause for å sjå hovudstaden, treffe litt venner og ta ein tur opp til grensa til Nord Korea. Vi kan jo gjere eit forsøk på fredsarbeid når vi først er her, tenkjer vi, før vi skal attende til skiskyting, langrenn og litt snowboard mot slutten av opphaldet.

Som sagt er det ein braksuksess så langt, og når Sør Korea stiller opp med dei mest smilande, hyggelege og hjelpsame frivillige, som berre kan matchast av Hardbagg IL, er det ei fryd å vere OL-turist. Vi ser fram til framhaldet og håpar de får sjå nokre jublande randarar på skjermen når Stryn tek steget opp på pallen.

Med OL-helsing frå Sør Korea,

Hans-Erik Rand Roset og Tor-Øyvind Rand

Ikkje akkurat burger: Hans-Erik tek føre seg av lokal snacks. Foto: Privat
Medaljeseremoni: Medaljeutdeling for speedskating, den einaste gullmedaljen til Sør Korea så langt. Topp stemning! Vi fekk også med oss Olsbu og skihopparane også, og møtte Anders Fannemel og fekk slått av ein prat. Foto: Privat
Heia: Johannes Thingnes Bø hadde ikkje klaff i første OL-øvingane, men han hadde i alle fall ein lokal heiagjeng på tribuna. Foto: Tadeusz Mieczynski Foto: Tadeusz Mieczynski
Spennande: Tarjei sørga for ei utruleg spanande siste skyting sett med stryneauge! Foto: Tadeusz Mieczynski Foto: Tadeusz Mieczynski
Rakk opninga: 40 timar med reising og lite søvn vart viska vekk av å sjå president Moon opne OL..... Foto: Privat
Flammen: – og ikkje minst av å sjå OL-flammen bli tend like over hovuda på oss! Foto: Privat
Tur: Sør Korea stiller opp med dei mest smilande, hyggelege og hjelpsame frivillige, som berre kan matchast av Hardbagg IL! No tar vi ein tur opp til grensa til Nord Korea. Kan like godt gjere eit forsøkp å fredsarbeid når vi først er her! Foto: Privat
Stor stemning: På skikyttarstadion i OL. I bakgrunnen gjev Laura Dahlmeier sigersintervju. Seinare fekk vi ein prat med både Tarjei og Johannes, som var glade for å ha stryningar på tribuna. Medan vi for vår del var mest glade for å ha stryningar i løypa! Foto: Privat