Stoppa med 1,7 tonn overlast

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Statens vegvesen gjennomførte ein tungtransportkontroll ved Kjøs bru måndag.

I den fyldige kontrollrapporten står det følgjande:

To sjåførar måtte fjerne gjenstandar i frontruta før videre køyring. Ein lastebileigar fekk 8.000 kroner i gebyr for manglande bombrikke. Ein lastebileigar fekk 5.150 kroner i gebyr for 1.700 kg overlast på tilhengaren. Ein lastebil fekk bruksforbod for alvorlege manglar på styring som må reparerast før han får køyre vidare. Ein lastebil fekk bruksforbod og måtte sette igjen hengaren til den fekk reparert tilhengarfestet på bilen. Ein sjåfør fekk 1.000 kroner i gebyr for ikkje å ha med tilstrekkeleg med kjetting. Eitt køyretøy fekk mangel og må etterkontrollerast for defekt underkøyringshinder. Ein sjåfør måtte sikre lasta betre før han fekk køyre vidare.

I alt vart 16 køyretøy kontrollerte.