Det skjedde trass i at det reelt sett er fleirtal på Stortinget for at dei nye og omstridde kompetansekrava ikkje skal få tilbakeverkande kraft. Forklaringa er at KrF – som varsla – stemte imot eiga overtyding fordi partiet er bunde av budsjettavtalen med regjeringa, der det fekk gjennomslag for hjartesaka si om ei lærarnorm.

Kompetansekrava som regjeringa innførte i fjor, inneber at alle lærarar må ha fagleg fordjuping dersom dei skal undervise i norsk, matematikk, engelsk, samisk og teiknspråk. I skuleåret 2017/18 er det 27.823 klasser som har ein lærer som ikkje oppfyller krava til utdanning.

Hans Fredrik Grøvan i KrF slo overfor NTB fast i førre veke at partiet kan bli med på omkamp i neste periode, men dei innstendige krava frå Utdanningsforbundet, Skolelederforbundet, Musikernes fellesorganisasjon og Skolenes landsforbund blei altså ikkje lytta til denne gong.

Steffen Handal i Utdanningsforbundet. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Organisasjonane står bak eit opprop mot kompetansekrava, som dei opplever som ei kraftig nedvurdering av erfarne lærarar. På under ein månad har over 36.500 underskrive oppropet, som tysdag føremiddag blei overlevert saksordførar Kent Gudmundsen (H) i utdanningskomiteen på Stortinget.

Norsk Lektorlag støttar på si side regjeringspartia i saka og meiner det langt ifrå er unison støtte frå lærarstanden om at kompetansekrava ikkje skal ha tilbakeverkande kraft.

(©NPK)