Johannes Thingnes Bø og treningskameratane frå oppveksten, Jarle Midthjell Gjørven og Johan Eirik Meland, har alltid vore flinke til å heie kvarandre fram.

Difor vart det ekstra spennande for dei også då klubbkameraten Johannes gjekk for det olympiske gullet torsdag.

Vart dårleg kundeservice!

For Jarle Midthjell Gjørven vart det nok litt vanskeleg å halde fullt fokus på arbeidet medan kameraten kjempa for OL-gull.

– Eg såg løpet på jobb, og det vart nok dårleg kundeservice ein periode! ler han.

Og det vart emosjonelt for fleire enn gullvinnaren sjølv.

– Eg måtte bak på bakrommet og hente meg litt inn igjen når gullet var klart. Det var heilt sjukt deilig å sjå at det gjekk! seier han.

– Har du hatt kontakt med Johannes?

– Eg sende han ei melding i dag tidleg og ønska han lukke til. Og han skulle gå for medalje, sa han. Så det her unner eg han verkeleg!