Regjeringa har kome med nye krav til pedagog- og bemanningsreform for barnehagar. Nye krav trer i kraft 1. august i år.

– Vi ligg godt an i kommunen vedrørande pedagogar, sa ein nøgd ordførar Stig Olav Lødemel. Hornindal må auke bemanninga med ei 40 prosent assistentstilling for å stette ny krav.

Kommunen har per i dag 71 barn i barnehage. Nytt krav er ein pedagogisk leiar per sju barn under tre år, og ein per 14 barn over tre år.

Nye krav gjev utfordringar for å løyse praktisk drift av barnehagane, og rådmannen skisserer ny struktur for leiarplanlegging.

Fleire av nabokommunane må ha meir auke i bemanninga. For Stryn seier tabellen 8,73 auke i nye stillingar. Kommunen har ut frå kommuneoversikta ikkje trong for meir pedagogisk kompetanse, men det vert skissert trong for 8,73 prosent auke i nye stillingar.