- Heilt, heilt fantastisk! Takk, Johannes! seier Eldbjørg Hatledal, leiar i Markane IL. – Det er eventyrleg for eit lite idrettslag å få oppleve dette, vi gratulerer kvarandre med dagen! Eg vil nytte høvet til å rose utøvarane og den innsatsen dei legg ned, ikkje minst den beinvilja som ligg til grunn for at Johannes kunne gjere det han gjorde i dag. Dessutan alle som jobbar med idrett for barn og unge, de kan alle kan ta del i gleda i dag!