Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen har sendt førespurnad til Stryn kommune om skilting ved badeplassen i Avleivikja.

– Hausten 2017 vart det oppført nytt rekkverk i Avleivikja, og tidlegare utkøyringslommer vart tetta igjen. Kontaktutvalet har motteke fleire kommentarar på at dette er uheldig, og at det ikkje lenger er muleg for saktegåande køyretøy å sleppe forbi raskare køyrande. Forslaget er å skilte turvegen ved tunnelen som parkering for badegjester og tilkomst til badeplass. Ny sti er etablert frå plassen slik at det er naturleg å bruke den, skriv Kontaktutvalet i eit brev til kommunen.

– Stryn kommune er einig med Kontaktutvalet i ønsket om skilting for parkering for badegjester, og ber Statens vegvesen om å vurdere oppsetjing av skilt både ved avkøyrsla til gang- og sykkelstien og samtidig setje opp varselskilt frå begge sider med tal meter til parkering badeplass, skriv driftsingeniør ved avdeling for kommunalteknikk i Stryn kommune, Tor Guddal.

Trafikktryggleik i området har også tidlegare vore diskutert mellom kommunen og Statens vegvesen.