Det var ein svært glad Johannes Thingnes Bø som fekk gullmedaljen rundt halsen under medaljeseremonien i Pyeongchang. Via Fjordingen sender han følgjande helsing til heimbygda: – Eg er ein stolt stryning i dag!

Johannes Thingnes Bø fekk ein spennande halvtime frå han gjekk i mål etter to bom til alle konkurrentar var i mål og gullet var eit faktum.

Sjølv seier han til TVNorge at han aldri trudde det skulle bli gull, ikkje før han såg Jakov Fak spurte mot mål og forstod at han kom for seint.

TV-publikum fekk sjå ein svært rørt OL-vinnar då gullmedaljen var eit faktum, og den svært kjenslelada klemmen mellom Johannes og storebror Tarjei greip fjernsynssjåarar langt ut over dei norske landegrensene.

Sjølv har han i ettertid forklart at det er vanskeleg å setje ord på kjenslene omkring sigeren.

– Det er det første OL-gullet. Og heile tida, faktisk frå du var liten, har det handla om å få dette gullet rundt halsen. Det er vanskeleg å få det til, det er så mykje som skal klaffe. Då er det ein stor lettelse å få det til, seier han til TVNorge.

Johannes har også vore nøye med å takke storebror Tarjei. – Hadde det ikkje vore for at han byrja, så hadde eg aldri blitt skiskyttar. Han er eit veldig fint forbilde, både for oss på laget og for folk flest. Etter to dårlege opplevingar tidlegare i veka er han framleis motivert, seier at ein ikkje må grave seg ned og minner om at det kjem nye sjansar. Eg hadde aldri stått her i dag om det ikkje hadde vore for han, seier Johannes Thingnes Bø.

På spørsmål om kva han tenkjer om resten av OL, seier han:

– Vi må jo ha trua vidare. Er det ein som har hatt stang ut, så er det jo Tarjei. Så eg tenkjer han motiverer seg nok ekstra til dei siste renna vi har igjen!

Stolt: Ein stolt stryning på veg ut frå medaljeseremoien. Foto: Tadeusz Mieczynski
Pallen: Johannes Thingnes Bø, Jakob Fak og Dominik Landertinger på pallen, klare for å få medaljene sine. Foto: Tadeusz Mieczynski
Glade: Glade medaljevinnarar etter normalprogrammet i OL 2018. Foto: Tadeusz Mieczynski